onsdag 21. mai 2008

My dear, beloved scooter <3

ENDELEG, får eg seie. Du og eg, scooter. Vi er saman att. Saman på livets veg (eller dei kommunale vegane om du vil).
Du har jo vore hos meg ei stund, men på grunn av innbrotet, eller utbrotet....eller bare BROTET - har du dessverre vore ubrukeleg ei laaaang stund. Sukk!
Du har stått på gardsplassen med dine bedårande lyslykt-auger og sett på meg. Det har gjort vond langt inn i hjerterota å sjå på deg...

Her om dagen kom eg HELDIGVIS over ein reparasjonsverkstad i nærleiken - noe som redda deg - og ja, meg!
I dag kunne eg hente deg - du er i bedre form enn på lenge! Takk til reperatøren som i tillegg til å fikse brotet, tok full service på deg! TAKK!

Det gav meg ei god kjensle i blodpumpa mi då eg kunne starta deg utan å trø deg i gang... ahh!
Kvifor har du ikkje fortald meg før at du trengte nytt batteri?
Kvifor har du ikkje fortalt meg at begge dekka var nesten flate og trengte ny luft?
Kvifor har du ikkje fortalt meg at du trengte heilt nye bremseklossar?
KVIFOR?????
Jo, for du kjenner meg vel, og du veit at eg aldri hadde tatt deg med til ein verkstad utan at noko drastisk hendte... det måtte altså ei steling til!

Konklusjonen er vel difor at sjølv om eg (les: mor og far) må betala kostnadane som vart påført ved stelinga, så hadde du aldri fått noko anna behandling/hjelp/støtte/reparasjon - og den einaste måten å komme seg til ein verkstad på, var difor å bli stelt.
Smart du, lille scooter.
Kjenner nesten eg er litt stolt av deg. Litt.
Smart-head!

Men no er vi saman, kjære.
Ikveld skal vi ta den turen eg lovte deg for lenge sida.
Du og eg...
Klarar nesten ikkje vente!

Oh, my dear beloved scooter!!! <3

torsdag 1. mai 2008

MAI


  • Mange fri-dagar
  • Fint ver
  • Is i solveggen
  • 17.mai
  • Eksamen (-ar)
  • Mange har bursdag
  • Snart sommar å sommarferi..
  • Bare 2 mnd. til Madde giftar seg
  • Lindus, Grethe og Dagis skal snart til syden
  • Pollenallergi
  • Graset er grønt, trea er grøne og blomane blømer
  • Ut på tur, aldri sur
  • Grillings
  • Læxing på terassen
  • Solbriller og solbrent nase
  • Hårete kvite leggar
  • T-skjorte vêr
  • Ute-café

...med andre ord: Vi har mykje å sjå fram til!

Ha ein flott mai månad DU og!